Saksofonisten Amalie Dahl er ute med live-plata "Breaking/Building Habits". Det er ei av fire plater Torkjell Hovland melder i månadens Ballade jazz. (Foto: Juliane Schütz)

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Kritikk, kommentar og debattFolkemusikkImprovisasjonJazzPlateanmeldelse

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no, og skriv spalta Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Yes! Der har du påskepakke, tenkte eg då eg landa på kva fire plate eg skulle presentere i april-spalta. Ein ordentleg tur-mix. Påska er dessutan ei strålande tid for å lytte. Eg høyrde ein som  hadde flytta platespelaren og platene sine til hytta. Det er søren ikkje dumt – appelsin, kvikklunsj og fysisk format.

Men så skal eg gi deg eit tips: Eg lyttar alltid til desse platene for første gong med blyant og ark. Eg skriv alltid først slik. Då er det liksom reint, føler eg. Det at du held på blyanten, gjer noko med korleis du lyttar. Du blir aktivert på ein eigen måte. Så om du blir lei av kryssordet – test det!

Amalie Dahl – Breaking/Building Habits (Sheep Chase Records/Sauajazz 2025)

Amalie Dahl – Breaking/Building Habits (Sauajazz 2025) (Foto: )

Klangvariasjonar over ein tone – intensiteten Amalie Dahl legg i den første tonen på saksofonen legg grunnen for det som skal bli ei skarp, energisk liveplate.

Då Amalie Dahl gav ut plata Dafnie for nokre år sidan, var nettopp viljen i spelet noko eg lot meg begeistre av. Du kan til dømes høyre den Oslobaserte dansken i Superspreder, Dahl/Dalen/Søvik, Ingebrigt Håker Flaten’s (Exit) Knarr – og kjenne igjen hennar karakteristiske spel kvar enn ho er.

Breaking/Building Habits har ho medvite nærma seg komposisjonane på ein ny måte, og med ein heilt ny konstellasjon trommer, el-gitar og vibrafon (!). Ho skriv at ho ville bryte med mønster, vaner slike vaner ein aktiv musikar får. Også i improvisasjonsmusikken, om ikkje til og med særleg akkurat der?

Ein improvisasjonsmusikar, som ein komponist, finn gjerne løysingar på musikalske problemstillingar reagerer på ein viss måte på ulike musikalske impulsar. Dess meir øva ein er, dess meir avanserte blir desse løysingane. Men for å kome vidare, for å bli inspirert, må ein bryte opp. Du kjenner kanskje kjensla frå andre områder i ditt liv.

Joda, så er det alltid skummelt å legge for mykje i albumtitlane, kanskje særleg frå jazzmusikarar som gjerne set tittelen langt ute i prosessen. Men utan å dra poenget for langt, så trur eg at dei sterkaste musikarane klarer å jobbe nettopp med og mot desse vanene. Ikkje late som dei ikkje er der, men utfordre dei, og bygge nye.

Amalie Dahls forsøk på å bryte vaner, bygge nye – det har denne gongen resultert i ei plate som også opnar opp for at lyttaren kan gjere det same.

Det store biletet som oppstår mellom dei små motiva frå kvar enkelt i kvartetten. Ein kan nesten sjå det som geometriske former på eit lerret. Frå den skarpe gitaren til Viktor Bomstad til skarpsnertne Tore Ljøkelsøy – lydbiletet er innbydande interessant. Vibrafonist Viktoria Søndergaard som skaper ei bru over til saksofonen.

Søndergaard er eit spennande nytt kjennskap for min del, og har eit uvant, kreativt vokabular (vibrafular?). Særleg er det i måten ho klangfargelegg under Bomstad og Dahls strekteikningar, at landskapet er rikast.

Dei skrivne delane til Dahl, for eksempel dei unisone «heada» om du vil, er som oftast frigjerande absurde. Dei inviterer, som dei beste låtane skal gjere, til overraskande og leikne improvisasjonsparti.

Erlend Apneseth – Song over støv (Hubro 2025)

Erlend Apneseth – Song over støv (Hubro 2025) (Foto: )

Erlend Apneseth søkjer seg musikalsk tilbake til minner, kjensler på denne utgjevinga. Det er ein Song over støv. 

I omtalen peikar han nemleg på dei sterke musikalske sanseopplevingane som barn – frå lange reiser med familien verda over, og frå ein oppvekst i Førdefestivalen som eksempel.

Plata vi i dag kan høyre er tungt lada sanseopplevingar.

Verket Song over støv vart tinga av Oslo World og Riksscenen i 2023. Og med tingingsverk får du gjerne moglegheita til å få med deg ein heil gjeng med musikarar. Dei han valde den gongen, kan vi vere glade for i dag – Eilertsen (M), Eilertsen (H), Kjorstad, Narvesen, Hulbækmo, Myhr, Nystrøm, Haltli, Lauvdal og French.

Det er namn vi sperrar opp øyrene for. Og å høyre dei samla… Altså, det som opnar seg fem minutt ut i «Straumen forbi» er det vi på fagspråket kallar rimelig epic.

Mykje takka vere kvartetten med hardingfeler, der Helga Myhr, Selma French, Rasmus Kjorstad og Erlend sjølv spelar. Her kling altså strengar og understrengar i overflod. Og frå djupna løfter kontrabassen til Mats Eilertsen lydbiletet, medan trekkspelet til Frode Haltli formar eit sterkt harmonisk fundament.

Han har fått eit eige uttrykk gjennom dei etterkvart ganske talrike utgjevingane på Hubro, Apneseth. Eg synest til og med eg høyrer nokre signaturfraser.

Men Apneseth opnar også på Song over støv villare ut i det frie spelet enn han har gjort tidlegare. Og musikarane han har med seg får plass i dette frie rommet. Henriette Eilertsen svevar fritt over, heilt i sitt eige språk. Knyt knutar med saksofonen til Rolf-Erik Nystrøm. Song over støv er breddfullt med inspirert spel, og enkle, tydelege tonar. Som når dei syng temaet på tittellåta.

Ingebjørg Loe Bjørnstad – Duv (Øra Fonogram 2025)

Ingebjørg Loe Bjørnstad – Duv (Øra Fonogram 2025) (Foto: )

I 2013 sleit eg godt på Ingebjørg Loe Bjørnstads «Håp». Og det var særleg den merksnodige melodien og motstemmene i trekkspelet som blei ein hangup for meg. På Duv, 12 år seinare, så er det mykje av denne same finurlege toneføringa som er forlokkande. Frode Haltli er med her også, men denne gongen er musikken brodert med fela til Håkon Aase i tillegg.

Ingebjørg Loe Bjørnstad bryt ordDuv. Det er slik eg tenkjer på det. Ho brukar ord som eit musikalsk utgangspunkt.

Lyden rolla roleg
Krolla se mjukt
Myllå all orda

– Ingebjørg Loe Bjørnstad på Duv (Øra Fonogram 2025)

Klangen av stemma hennar er rik. Det ligg ei streng kraft i måten ho syng på, men det er likevel miniatyrisk og forsiktig. Men ho vrir på orda, og tek tak i lydane i dialekta. «E går gjønå selkjeregn», syng ho, medan fela mjukt peikar på karakteren i orda. Aase og Haltli lyttar intenst.

Og så er det melodiane – «Hår» er for eksempel heilt utrulig fin. Det ligg liksom ein heil symfoni inni der ein stad, men det er så forsiktig, så forsiktig. Teksta er intim, og orda står innimellom i kontrast til det romantiske tonespråket. Fleire gongar høyrer vi spor av barokkmusikk. «Og graset ut», som kjem heilt mot slutten, er høgdepunktet. Først tek harmonikken oss ein veg, og så vidare til «…Kråken rigga se i lag…» inn i ei harmonisk vending mot våren.

Dei pustar i lag, desse tre musikarane, og plata blir som ein meditasjon gjennom dikta. Og eg opplever lyttinga meir som å blade i ei diktbok – i stilla.

Reolô – Dystopi Delete (Sheep Chase Records 2025)

Reolô – Dystopi Delete (Sheep Chase Records 2025) (Foto: )

Reolô landa som ein slags norsk Tinariwen i 2019. Her er tydelege linjer til korleis tuaregane frå Algerie og Mali nyttar sin tradisjonsmusikk.

Og jada, Hans og Rasmus Kjorstad er med også her, i lag med Anders Røine og Hans Hulbækmo. Dette er folk som dukkar opp overalt, men om eg skulle valgt berre ein av konstellasjonane deira å ta med på ei aude øy, må det bli Reolô.

Folkemusikk treng det ikkje vere. Altså, det er ikkje viktig. Men dærsken kor mykje rikdom desse folkemusikarane har funne fram opp gjennom åra, så dei kan skape dette her. Ei natt drøymde eg om denne musikken, og at eg dansa til «Purrebæadn» som opnar Dystopi Delete. Det klappet på fjerde-slaget dansa vi med eit enormt hopp.

Og haha – «Preppeskreppa» er jo akkurat den hitten vi treng i dag:

Har du skreppe?
Kan du preppe?
Få den skreppa ferdig preppa!
– Reolô på Dystopi Delete (Sheep Chase Records 2025)

Eg er særleg glad i den mikrotonale synthesizer-bruken på denne plata. Den tilfører liksom ein merkeleg lo-fi-skugge.

«Dystopi Delete» syng Anders Røine, som ein Groruddalens Stein Torleif Bjella. Berre litt meir aktivistisk, litt merkelegare og mystisk. Er det post-rock gubbane kallar det? Og «Mersus Stalon, Metero Texto» ber om å bli dradd ut i ein lang remix. Eg vil danse til den på Tuvas Blodklubb.

Det er nemleg noko nattleg melankolsk over heile plata, dystopisk nok. La oss berre danse oss gjennom det.

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk. De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Ballade video: Et hundeliv   

Ballade video: Et hundeliv  

Vi går påsketur med Ingrid Lingaas Fossum, Kristine Hovda, Hanne Leland, Smerz, Embla Maria, Aurora, Julie Bergan, Tor Kvammen, Louilexus, Egil Olsen, MÍO og Terravia. 

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio