Yes! Dei er tilbake! Building Instrument og deira "Månen, Armadillo" er ei av platene du kan gle deg til å lytte til i mars. (Foto: Linn Heidi Stokkedal)

Ballade jazz: Bang Bang

Kan vi oppleve tid gjennom rytme? Kritikar Torkjell Hovland reflekterar rundt nye album frå Karl Bjorå, Telehiv, Building Instrument og Hulbækmo/Kalman i Ballade jazz.

PlateanmeldelseFolkemusikkJazzPlateanmeldelseRock

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Eg var på konsert. Midt opp i all verdsangsten. Men det var ikkje ei flukt. Det er jo no eg koplar meg på, tenkte eg.

Eg kan fort bli ein nyheitsjunkie, og i slike tider som no, kan det fort ende med ein slags angst for å gå glipp av neste steg – eg må vere påkopla. Men der eg stod på Herr Nilsen og kika på Bjørn Klakegg og resten av Local Store, så kjende eg at det er jo no eg koplar meg på. Koplar meg på kva eg bryr meg om, men også på medmenneske.

Det er tida for å dyrke gode verdiar igjen, altså ordentleg stå for dei. Og eg trur det er beredskap å oppsøke dei fellesskapa du kan. Fotballtreninga, teateret, puben, turgruppa, badegjengen, koret – eller konsertstaden.

Her skriv eg om plater, som eg har lytta til heilt aleine. Heime. Men eg skriv om dei fordi eg vil du skal lytte til dei, og kople deg på. Der ute.


TELEHIV – Mehmet (Øyvind Jazzforum 2025)

Telehiv – Mehmet (Øyvind Jazzforum 2025) (Foto: )

Skarbø Skulekorps er dødt – lenge leve Telehiv. Øyvind Skarbø klarte på sitt sedvanlige kreative vis å få eit improviserande skulekorps (senior, rett nok) på Øya-programmet et par år tilbake.

Når han no kjem med nytt band, er det med den same leiken Skarbø har i alle sine prosjekt. Musikarar med fritt spelerom. Men på Mehmet lét låtane også grundig knadd. Presist plasserte tonar og lydar som fører til originale, solide låtar. Å låte planlagt i det improviserte, det er kanskje intuisjon.

Den er triumferande, «Kleshas», som opnar plata. Alle som spelar vil liksom ut med løfta hovud. Saksofonsoloen til Martin Myhre Olsen blir infiltrert av ein deilig synthleik frå Håvard Aufles. «Hæwwa» byggjer på eit komisk soft riff i synth og saksofon. Cellist Joel Ring og saksofonist Myhre utgjer til saman yacht rock-vokalisten. Nok ein vårhit frå Skarbø, som med «Miami» fargela den nyvaska asfalten i 2023.

Benedicte Maurseth bit eg meg tidlig merke i som både krydder og sentralt i soundet. Ja, det er genialt å få inn klangen av fela i dette bandet, men det er måten akkurat Maurseth spelar som gjer fela sentral. Lytt til det enkle motivet i «Men, altså», lytt til korleis Maurseth spelar dei to-tre tonane med evig interesse.

«Knut» avsluttar plata, og er komponert av Håvard Aufles. Den er enkel, kort og sentimental. Den mjuke, nostalgiske synthen til Aufles møter songen frå fela og saksofonen.

På mange måtar kjennest Telehiv som ein respawn (når du døyr i dataspel, og dukkar levande opp ein annan stad). Nytt forsøk, friskt liv, men ein annan stad på planeten Skarbø.

BUILDING INSTRUMENT – Månen, Armadillo (Hubro 2025)

Building Instrument – Månen, Armadillo (Hubro 2025) (Foto: )

Yes! Dei er tilbake. Mari Kvien Brunvoll som syng med fascinasjon rundt kvar einaste ordlyd. Øyvind Hegg-Lunde og Åsmund Weltzien som med like enorm nyfikne manar fram dei merksnodigaste klangar i skakke tonalitetar.

Og så lar dei det vere utgangspunkt for ein slags pop-handverk.

Det er tydelege låtar, filtrert gjennom ei slags organisk masse som gir låtane frie utvekstar. Dei har uansett skapt eit eige univers, som ein populært seier det, gjennom dei hittil 11 åra.

Månen, Armadillo er stort sett basert på tingingsverket trioen laga til Ekkofestivalen i Bergen i 2022. Eg veit ikkje om ein kan høyre det, men når eg visste det, så er det absolutt ei tydeleg tonal raud linje gjennom plata. Melankolsk blir feil ord, men det er noko som liknar. Vondt er det iallefall. Blodraud tråd då, kanskje.

Assosiasjonane går vilt gjennom Månen, Armadillo. «Saunte» inviterer til ein perfekt lagt opp til at ein eller annan rappar frå Atlanta skal rappe den, og på «Da:Innom» syng Kvien Brunvoll på Ssssss-en. Eg håpar ikkje dette er dårleg gjort, men eg får lyst å ta inn slangen Kaa i Jungelboken som ei referanse etter å ha blitt hypnotisert gjennom dei førti minutta plata varer. Og så er det jo litt armadillo då.


HANS HULBÆKMO og EGIL KALMAN: Unit of Time (Motvind 2025)

Hans Hulbækmo og Egil Kalman – Unit of Time (Motvind 2025) (Foto: )

Eg var eigentleg på gong å lage meg noko lunsj, men osten vart ståande å mjukne på kjøkenbenken, for eg måtte hoppe rundt i stova og danse til Hulbækmo og Kalman. Medan eg lo – som ein gal mann.

Den er litt slik, nemleg – Unit of Time. Vi blir lokka ut på dansegolvet anten vi vil eller ei, og når vi i dansen blir merksam på lydane vi dansar til, så blir vi rett og slett satt ut. Trommemann Hans Hulbækmo og bassist og modulær synth-mann Egil Kalman har plukka frå rytmer frå groovy tradisjonsmusikk rundt omkring i verda, og laga dansegolv basert på like enkel logikk som drum’n’bass. Det er alt du treng.

Kan vi oppleve essensen av tid gjennom rytme?

Slik spør kulturlaget Motvind i e-posten dei sendte om denne utgjevinga.

Eg går tilbake til ein kveld på ein klubb ein gong i tida – då gjekk første timen med til basstromma, i andre timen kom skarptromma, og i den tredje hi-haten. For ein eufori! Eg opplevde kvelden som evig og som eit augeblikk. Å lytte til slik musikk, også Hulbækmo og Kalman, blir best om du hengir deg til kjensla av rytmen. Og gjennom Unit of Time bevegar vi oss opp – og ned.

På dei roligare spora, held vi oss nemleg like fullt til det repetitative, dansbare, groovy. Som på «Turns Purple» der nokre lange tonar frå modulærsynthen til Kalman stryk oss over sjela.


KARL BJORÅ – I Would Have Made It (Jazzland Recordings 2025)

Karl Bjorå – I Would Have Made It (Jazzland Recordings 2025) (Foto: )

I Would Have Made It opnar med skitne slidegitarar, og eg treng eigentleg ikkje meir for å kose meg. Men så kjem riffet, som på finurleg vis slåss om pulsen med slag mot slag. Offbeat, seier dei vel. Det er eit hypertilfredsstillande lydbilete.

Og så har han med seg Cher si låt frå 1966 «Bang Bang (My baby shot me down)», som mange alltid vil forbinde med Tarantino og filmen Kill Bill. Cher? Ja, Cher. Den Cher. Men Tarantino brukte Nancy Sinatra sin versjon som kom ut same år (66), og det er denne versjonen Bjorå legg seg tett opp til. Denne gongen med Karoline Wallace. Her får gitaren til Bjorå eit perfekt samspel med Wallace, som vidare på plata virvlar melodiar i lag med felene til Tuva Syvertsen og Selma French.

Og så jazzar Bjorå seg ordentleg opp på «Somewhere You Made A Choice». Ein solo med nok nerding til ei heil skuleklasse, og speleglede sjølv den med det minste av D-vitamin kan kjenne på. «Somewhere You Made A Choice» blir på mange måtar eit slags høgdepunkt, kanskje mest av alt fordi den kjem noko uventa.

Vegard Lien Bjerkan kjem inn med eit enkelt stovepiano, som kler gitaren og hardingfela perfekt. Ton i ton. Mulig det er alle koplingane frå Westernfilmar med saloon-piano som gjer det, men sjeldan har du høyrt stiligare linjer i saloonen.

«The Cradle» skil seg ut. Med ei opning frå bassist Bárður Reinert Poulsen som byggjer opp mot Signe Emmeluth sin triumferande solo. Melodien som blir sunge er melankolsk, og eg høyrer den i samanheng med den ordlause avslutningsmelodien i «When a gift is not a gift». Ikkje akkurat klagesong, men frigjort bluesy er det iallefall.

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk. De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Kongens fortjenstmedalje til Bente Johnsrud i Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival

Kongens fortjenstmedalje til Bente Johnsrud i Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival

Festivaldirektør og kunstnerisk leder Bente Johnsrud ble tildelt utmerkelsen for sin innsats med festivalen gjennom 25 år.

Seks halvsannheter om Spotify

Seks halvsannheter om Spotify

Det er mange som har meninger om musikkstrømmetjenester, og særlig om Spotify. Det skulle bare mangle. Det siste året har gründer Daniel Ek solgt aksjer og hentet ut noen milliarder, og i sosiale medier og diverse debattfora dominerer som vanlig kritikk og frustrasjon. Noe er bygd på kunnskap og analyse fra statistikk og data, annet på anekdotiske bevis og ad hoc-data fra egne erfaringer og nettverk, skriver musikkviter Audun Molde.

Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole

Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole

Kvalbein blir rektor i fire nye år, med musiker og professor Morten Qvenild som prorektor.

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud

Åpent for alle musikere å søke, til øving, låtskriving og fordypning i norsk folkemusikk.

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!

Et så viktig universitet som NTNU må ha et rikholdig bibliotek for musikkprofesjonsutdanningen, og med kvalifiserte ansatte. Norsk musikkbibliotekforening støtter innspill om musikkbiblioteket ved NTNU, skriver Tone Nøtvik Jakobsen.

Ballade video: I stua, i limbo   

Ballade video: I stua, i limbo   

Med Marie Sahba, Adam Douglas, Iris Caltwait, Intertwine, Barren Womb og ARV. Samt en fem låters mini-konsert med Sweetheart.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio