Tasteful Turntable er resultatet av ei tverrfagleg forsking på kryssmodal persepsjon – korleis påverkar sansane våre kvarandre. Kan ein smak opplevast forskjellig om du har ulike lydar til? Og omvendt?
Under Nordic Music Days i Bodø opplevde eg likevel ikkje Tasteful Turntable først og fremst som eit eksperiment, men som ei heilt ny restaurantoppleving….eller konsertoppleving. Eg veit ikkje kva det var. Det kjendest i alle høve heilt naturleg.

Rundebordssmaking på musikk og mat under «Tasteful Turntable» (Foto: Martin Losvik)
Komponistane Nikolaj og Lars Kynde har nemleg vore ekstremt nøye, alt var gjennomtenkt. Frå vakre, spesiallaga snurrande bord, til dei mildt sagt spesielle serveringsbretta, til dei bittesmå tallerkane laga av keramikk-kunstnar Giulia Crispiani. Chef Mette Martinussen og Augusta Sørensen har komponert maten, som var enkel innimellom, eksotisk andre gongar. Først og fremst var det tydeleg at smakane var nøye valt ut.
Vi hang frå oss jakkene utanfor, sat oss rundt bordet, nokon helste på kvarandre, andre ikkje. Er vi på konsert eller restaurant? Eit av mange eksempel på korleis vi som publikum (gjestar?) vart forvirra i løpet av kvelden. Eg gliste frå første stund av denne forvirringa. Forvirring er ei styrke når det heile er så gjennomført. Denne kryssinga vekkjer så mange spørsmål, så mange deilig absurde tankar.
Maten vart servert i fem satsar.
Det var mørkt, med mykje svarte element, og eit fokus som minte om det du får i ein mørk orkestersal. Fokuset var viktig for å stille oss inn på rette frekvensar. På lyssignal i bordet fekk vi beskjed om å putte smaken i munnen slik at det vart synkronisert med lyden. Bordet snurra, som ein platespelar, til vi fekk neste smak framfor oss.

Sjølydar framhevar fiskesmaken, skriv Ballades anmeldar (Foto: Martin Losvik)
Maten vart servert i fem satsar. Først fekk vi servert same smaken fire gongar, men til fire ulike lydar. Eg skal ikkje prøve meg på å hugse kva dei ulike ingrediensane var, men det var noko sjøaktig. Andre rett hadde same lyden til fire ulike smakar. I den tredje retten var koreansk tang leiemotivet. Vi fekk først smake på alle ingrediensane i lag, den komplette retten. Så smakte vi på kvar enkelt, med kvar sine lydar, før vi til slutt smakte på alt med alle lydane. Smakte det annleis etterpå?
Eg vil aldri ete gulrot på same måte igjen.
Nikolaj Kynde fortalde om rettane undervegs, og opna opp for refleksjonar frå publikum. Ved å høyre kva dei andre hadde opplevd ulikt, vart vi meir og meir søkjande for kvar rett. Ei haldning ein bør ta med seg i ei kvar lytteoppleving. Kynde fortalde oss om assosiasjonens kraft. Sjølydar framhevar fiskesmaken. Det er også uhyre interessant kva denne opplevinga gjer med språket om musikk. Kva et vi på når vi snakkar om musikk? Eg gler meg til den Bylarm-samtalen.

Kalde lydar, varmt i munnen. Varme lydar, kaldt i munnen. Det skurra i sanseapparatet (Foto: Martin Losvik)
“Kven har ikkje irritert seg over høglydt gulrot-eting på biblioteket? Dette er ein komposisjon for solo gulrottygging” – haha, sjølvsagt er det komisk. Men igjen – når alt er så gjennomtenkt opplevde eg det som mykje meir meiningsfullt enn ein gimmick. Gulrøter laga til på fire ulike måtar – heil mini-gulrot, rå og tynnskiva, kokt, raspa. I hovudtelefonane høyrde vi også lyden av gulrottygging. Det vekte kreativiteten – eg tygde, men var bevisst på korleis det skulle lyde i heilskapen. Eg vil aldri ete gulrot på same måte igjen.
Det siste, finalen eller desserten, var syrleg og søt. Dette var ei forteljing, fekk vi vite. Her førte smaken og lyden oss inn i ulike rom undervegs. Og temperatur spelte ei spesielt viktig rolle. Kalde lydar, varmt i munnen. Varme lydar, kaldt i munnen. Det skurra i sanseapparatet. Feilkoplingar som opna opp for ein tredje smak, ein tredje lyd. Det heile vart avslutta med eit ekko av lydar, eit ekko av smakar.
Frijazzgulrot? Smak for deg buffeten på All Ears-festivalen, då!
Eg sat att gapande fascinert. Ikkje av ideen i seg sjølv, den er ikkje nødvendigvis splitter ny, men eg opplevde Tasteful Turntable som ei fullstendig, meiningsfull sanseoppleving heilt utan eksperiment-dimensjonen. Her har ein verkeleg teke tak i lyd og smak og komponert med begge deler som like viktige komponent – og skapt noko nytt.
Kynde-brørne nytta den klassiske formstrukturen. Eg håpar dei tek det vidare. Skal tru korleis dette hadde virka i ei friare form? Frijazzgulrot? Smak for deg buffeten på All Ears-festivalen, då! Pølsa på Bodø Lufthavn åt eg til Cannonball Adderley – «Mercy, Mercy, Mercy» – ho smakte betre slik.
Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. NOPA, Norsk komponistforening og Musikkforleggerne er medlemmer i Foreningen Ballade.

Ballade video: Signaler fra det ytre rom
Ekstra stor utgave med Anne Sandøy, Misty Coast, Oakland Rain. Luke Elliot, Lonely Crowd, Geir Sundstøl, Thea Wang, Tomora, Marqide, Ea Othilde, Les Faux Coupes og Vreid.

Warner, Sony og Universal har inngått KI-avtaler: Hva betyr det for norske musikere?
INNLEGG: Skal det etableres et rettferdig og bærekraftig system må det skje gjennom tydelige europeiske rammer. Kollektiv forvaltning sikrer samtykke og rimelig vederlag for alle musikkskapere, ikke bare de med store amerikanske forlagsavtaler, skriver Willy Martinsen i Tono.

Idyllen slår sprekker
Bitter strid mellom eierne av Idyllfestivalen i Fredrikstad, som møtes i Oslo tingrett denne uken.

Dette sier kunnskapsdepartementet om musikk hos lærere
Regjeringsutvalget vil ha musikk tilbake i lærernes obligatoriske utdanning.

– Musikk i skolefagene er en underutnytta ressurs
Regjeringsutvalget vil ha musikk tilbake i lærernes obligatoriske utdanning.

Med Tuvaband ned under vannskorpa
2025 ble det store drømmepopåret. Bli med ut å svømme, i Tuvas klang!














































